Fysioterapeuten 1-2018

FYSIOTERAPEUTEN 1/18 41 I Noreg kan i praksis kven som helst behandle nesten kva som helst, utan medisinsk kunnskap. inntrykk av at alternativ behandling verkar, og at staten då vil gå god for dette. Naturleg og trygt? Eit raskt søk på Internett syner at fleire av dei alternative behandlingane på markna- den vert framstilte som «særlig skånsame for born». Ei undersøking NAFKAM gjorde i fjor, synte at det var fleire som ville ta med seg borna sine til alternativ behandlar, enn som ville gå med eigne helseproblem til slike behandlarar. Dette kan kanskje tyde på at mange meiner at slik behandling er trygg. Kva veit vi egentlig? Vi veit at alternativ behandling er populært: I fjor var minst 40.000 born under 12 år hjå alternative behandlarar. Vi veit og at 15% av norske foreldre ga borna sine kosttilskot el- ler urtemedisinar for å forebyggje eller ku- rere helseproblem. Vidare veit vi at nordmenn sine syn på alternativ behandling til born er delte: om lag 40% meiner at det ikkje bør vere lov å gi slik behandling til born, medan dei siste 60% fordeler seg ganske likt mellom å anten vere positive eller nøytrale til det. Dei norske reglane for den som ynskjer å tilby slik behandling, er mellom dei mest liberale i Europa. I praksis kan kven som helst behandle nesten kva som helst, utan å ha medisinsk kunnskap. Vi veit at i verste høve kan mangel på slik kompetanse føre til at symptom hjå pasienten blir oversett eller tolka feil. Det kan medverke til at pasienten ikkje får nødvendig og verksam behandling fort nok. Då kan helsetilstanden til pasien- ten bli verre. Dette veit vi ikkje Vi veit ikkje kva helseproblem borna som får slik behandling har, og heller ikkje kva ynskjer og mål foreldra deira har med slik behandling. Vi veit ikke kva metodar og verkty be- handlarane nyttar til å setje diagnose eller kva behandling dei rår til og nyttar på desse borna. Bransjen sine eigne reglar og rutiner ved behandling av born, er verken samla el- ler granska. Vi veit ikkje om foreldra går til lege med borna fyrst, eller om dei har dialog med helsepersonell undervegs i den alternative behandlinga. Vi veit ikkje om borna får al- ternativ behandling i staden for behandling frå helsetenesta, eller om dei får behandling begge stadar samstundes. Vi har og lite kunnskap om kva den alter- native behandlinga fører til hos desse borna: Vert helsa deira bedre eller verre, eller vert ho som før? Vil sjå nærare på dette Så langt har vi ved NAFKAM ingen råd til styresmaktene, utover at vi treng meir kunn- skap. Born er allereie ei sårbar pasientgrup- pe. Vi veit at mange av dei får alternativ be- handling, men vi har lita eller inga oversikt over kva, kvifor eller korleis. Truleg er mykje av bruken av alternativ behandling på born allereie taus og tabube- lagt. Hvis foreldra sitt høve til å gje born slik behandling vert innskrenka utan at dette er tilstrekkelig basert på fakta, er vi redde at slik behandlingspraksis går enno meir «un- der radaren». Styresmaktene bør sikre seg meir kunnskap, før dei eventuelt vurderer å innføre ei nedre aldersgrense. Difor har vi no bedd helsepolitikarane våre om å priori- tere dette i statsbudsjettet for 2018. Fagutgivelsen 2018 blir nr. 9 (desember) og tema denne gangen er velferdsteknologi . Vi tar imot fagartikler, vitenskapelige artikler, fagkronikker, fagessays, bokanmeldelser, sammendrag av studier publisert internasjonalt samt prosjektsammendrag. Vitenskapelige artikler og fagartikler må være fagredaktør i hende senest 15. september . Fagkronikker, fagessays, kasusrapporter, doktorgradssammendrag og norske sammendrag fra pågående prosjekter og artikler publisert i internasjonale tidsskrift må sendes inn senest 1. november . Spørsmål og manuskript sendes fagredaktor@fysio.no eller js@fysio.no . Se vår forfatterveileder. Vi ser frem til å motta interessante artikkelmanuskript – og til en spennende fagutgivelse! Tema: Velferdsteknologi Ønsker du å bidra med kunnskaps- formidling i Fysioterapeuten? For ytterligere info, gå inn på http://fysioterapeuten.no/Fag-og- vitenskap/Forfatterveiledning Kunnskapsformidling i Fysioterapeuten

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy