Fysioterapeuten 3-2018

Fysioterapeuten 3-2018

34 FYSIOTERAPEUTEN 3/18 Frå undersøkjingar vi har gjort, veit vi at no- kre alternative behandlarar har autorisasjon som helsepersonell, og at ein del helseper- sonell gir alternativ behandling både medan dei er på jobb i og for helsetenesta, men også utanfor. Det er utfordrande for pasientane å skjøne kva for ein hatt den kvitkledde hjel- paren deira har på seg, og kva juridisk stil- ling ein står i. Korleis er til dømes fødande kvinner sikra når jordmora gir akupunktur mot smerte? Er det forskjell på om dette skjer på fødestova eller under heimefødsel? Kva med pasientane til fysioterapeuten som brukar osteopatiske teknikkar eller myoreflekste- rapi på pasienten medan han ligg på ben- ken? Korleis er ståa når lækjaren kjem med forslag om at pasienten med dei udefinerte plagene prøvar eit homøopatisk eller antro- posofisk middel? Og kva skjer dersom det oppstår skade når kiropraktoren set nåler i pasienten? Å skjøne at det er ein forskjell her, og kva som skapar den er avgjerande for korleis både helsepersonellet og pasienten er sikra juridisk til eikvar tid. Staten sitt ansvar? Prinsippet er og har vore som fylgjer: pasi- enten kan rekne med hjelp, støtte og erstat- ning frå staten ved skade dersom den alter- native behandlinga er årsak til skaden, og når den alternative behandlinga er ein «in- tegrert og samanhengande del av det totale behandlingslaupet». Dersom den alternative behandlinga ikkje vert vurdert til å vere integrert og sa- manhengande, må pasienten sjølv krevje er- statning for skaden gjennom søksmål av han eller ho som har gjeve behandlinga. Hvis dette helsepersonellet då manglar forsikring som dekkjer skadekrav knytt til alternativ behandling, kan dette få store økonomiske og andre konsekvensar både for pasienten og det personellet som ga be- handlinga. «Helserelatert behandling» og «hel- sehjelp» – kva er skilnaden? Behovet for lovendringa vart forklart med at lovteksten kunne verke uklår, og slik bidra til uheldige situasjonar i forbindelse med erstatningskrav etter slik skade. Den nye teksten freistar å bøte på dette, ved å gjere forskjellen mellom «helsehjelp» (som er det pasienten kan rekne med å få i og frå helse- vesenet) og «helserelatert behandling» (som på godt norsk tyder «alternativ behand- ling») noko klårare. Pasientane veit ikkje skilnaden Dei siste åra har vi ved NAFKAM blitt kjen- de med såpass mange ulike situasjonar og kombinasjonar av autorisasjon og alterna- tiv behandling, at vi meiner ei god rettsleg vurdering av «integrert og samanhengande» treng eit sett standardiserte og utfyllande kri- terie for å hindre at pasienten sine rettar ved eventuell skade vert tilfeldig og urimeleg. Undersøkjingar vi har gjort, viser for det fyrste at ein del pasientar ikkje skil godt mellom alternative behandlarar og helseper- sonell: Pasientane tolkar stort sett alle slags titlar, uniformar, plansjar og diplomar på veggen likt. Samstundes er behandling med til dømes nåler no eit vanleg verkty både på alternativ side og hjå helsepersonell som jordmødre, fysioterapeutar og kiroprak- torar. Prisen ved betaling for behandlingsti- men er heller ikkje noka god «varsellampe» om kva behandling ein har fått. Ta vare på tilliten Norske pasientar trur stort sett at staten passar på dei uansett kvar dei er, kven som fag Ola Lillenes , informasjonssjef ved NAF- KAM - Nasjonalt Forskningssenter innen Komplementær og Alternativ Behandling. NAFKAM finansieres av Helse- og Om- sorgsdepartementet, og ligger på Det Hel- sevitenskapelige Fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet. NAFKAMs oppgave er å utvikle og tilby forskningsbaserte fakta til befolkningen om alternativ behandling, for å styrke kunnskapsgrunnlaget ved egne helsevalg. Ola.lillenes@uit.no. Denne fagkronikken ble akseptert 19.2.2018. Fagkronikker vurderes av fagredaktør. Ingen interessekonflikter oppgitt. Artikkelen ble publisert først på nett (www.fysioterapeuten.no) 22. februar 2018. Kva skjer når helsepersonell gir alternativ behandling, og det oppstår skade? I juli 2017 kom ei lita, men viktig endring i pasientskadelova. Ho skal auke med- vitet hjå både helsepersonell og pasientane deira om kvar grensa for staten sitt erstatningsansvar går, når slikt personell gir alternativ behandling og det oppstår skade som kan knyttast til slik behandling. KRONIKK

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy