Fysioterapeuten 3-2018

FYSIOTERAPEUTEN 3/18 35 Pasientane tolkar stort sett alle slags titlar, uniformar, plansjar og diplomar på veggen likt. behandlar dei eller kva behandling dei får. Mellom anna, trur mange at dei alternative behandlarane faktisk har dokumenterte fag- lege kunnskapar på linje med helseperso- nell. Dette fortel at pasientane har høg tillit til norsk helsepersonell og helsetenesta, og kjenner seg trygge og vel tekne vare på der. Denne tilliten må ein forvalte klokt. Særleg gjeld dette helsepersonell som inkluderar alternativ behandling i pasientbehandlinga si, og alternative behandlarar som og skiltar med autorisasjon som helsepersonell. Døme på uheldig handsaming Dei siste åra har vi sett at handsaminga av enkelte slike skadesaker har endt med at den alternative behandlinga ikkje vart vur- dert som tilstrekkeleg «integrert eller sa- manhengande». Pasientar som dette gjeld, seier at dei oppriktig trudde staten sitt er- statningsansvar gjaldt så lenge den som be- handlar er autorisert. Pasientane har òg sagt at dei verken vart orienterte om at helsepersonellet tok i bruk alternativ behandling på dei, eller at den juridiske tryggleiken deira var avhengig av korleis helsehjelpa og den alternative be- handlinga vart kombinert. I desse sakene ser det ut som at det har vore både eit kunnskapsproblem hjå pasien- tane, og eit informasjonsproblem hjå perso- nellet. Men, ein kan ikkje vente at den som kjem til behandling hjå helsepersonell i pri- mær- eller spesialisthelsetenesta sjølv skal kjenne til om ei behandling er «helsehjelp» eller alternativ, eller spørje om juridiske høve og forsikring dersom skade oppstår. Først og fremst dei profesjonelle sitt ansvar I høyringa til denne lovendringa var vi ved NAFKAM samde i forslaget om å presisere lovteksten for å gjere det tydelegare at «hel- serelatert behandling» tyder «alternativ be- handling». Men i tillegg, rådde vi til at auto- risert helsepersonell som heilt eller delvis gir slik behandling vert pålagde ei særleg plikt i starten av behandlingsopplegget, til å infor- mere pasientane sine om kva ordningar for erstatning og forsikring som vil gjelde der- som skade oppstår og ho kan knyttast til den alternative behandlinga. Vi meiner at lovendringa truleg vil vere til hjelp for dei som driv pasientbehandling, men at ho nok vil bety lite for pasientane sine kunnskapar og medbestemming når dei får behandling av helsepersonell. Dette må det aktuelle kliniske personalet ta meir ansvar for sjølve, og bli flinkare til å orien- tere pasientane sine om. Tida er og inne til at forbunda deira diskuterer kva behandlings- teknikkar og verkty som bør reknast som «innafor» og «utafor».

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy