Fysioterapeuten 1-2021

82 FYSIOTERAPEUTEN 1/21 I juni 2020 vart eg ein av dei nær 8.000 i Norge som årleg får utført kneproteseoperasjon (1). Eit halvt år etterpå kan eg framleis ikkje gå utan smerter og sterkt ubehag. Mangel på teikn til betre funksjon i kneet gjer meg uroleg. Det er mange i dette landet som strevar med liknande utfordrin- gar på grunn av skade eller slitasje i kne. Driven av eit ønskje om å bidra til forbetringar både for meg sjølv og andre, deler eg her nokre av mine erfaringar som pasient. Tida som pasient har i tillegg gitt meg høve til å orientere meg i ny forsking på smerter og problem et- ter innsetting av kneprotese. Eg stiller spørsmål ved om viktige innsikter frå denne forskinga faktisk kjem i bruk i behandlinga av den aktuelle pasientgruppa i Norge. For min del starta det heile våren 2017 då eg var på tur på fjellet og fall. Før kneskaden var eg ei frisk kvinne tidleg i 50-åra med eit aktivt liv. Turgåing og økter på trenings- senter var faste ingrediensar. Fysisk aktivitet gir velvære og er god restitusjon for jobb som leiar i akademia. No er det 1,5 år sidan sist det var råd å gå tur. Eg saknar å vere fysisk aktiv, eg er lei av smerter og ubehag. Det er mange i dette landet som strevar med liknande utfordringar på grunn av skade eller slitasje i kne. Dei som lever med kneproblem vil nok kjenne att lis- ta over undersøkingar og forsøk på behandling: fastlege, røntgen, MR, ultralyd, injeksjon med hyaluronsyre og kortison, fysioterapi, akupunktur, ulike smertestillande og betennelses-dempande, krykker, spesialistutgreiing, artroskopi (diagnostisk undersøking og operativ metode), ortopediklinikk med tilpassing av kneortose, og til slutt proteseoperasjon. Ta pasienthistoria på alvor! Ei av mine viktigaste erfaringar som pasient er at ein verke- leg må stå på sjølv for å få behandling både før og etter ope- rasjon. Eg er redd mange gir opp på vegen og berre lever med smerter og inaktivitet. Det er i alle fall ikkje lett å ha plager som helsetenesta ikkje kan finne ut av. Smerter kan vere diffust. Men den som har skaden kjenner og erfarer. Skildring av smertene og konsekvensar dei medfører når ikkje alltid fram eller vert tatt alvorleg. Mitt råd er at helse- personell må lytte til historia til pasienten. Då vil ein kunne tilpasse hjelpa og ikkje berre handle ut i frå standardiserte prosedyrar. Ein erfaren fysioterapeut og fastlege vart redninga mi i fyrste omgang. Dei dokumenterte historia mi til spesialist og rettleia meg til å ta direkte kontakt med ein knespesialist i helseføretaket. Det krevst mot for å ta den telefonen, men den gjorde også at eg kom til ein ortoped som valde å gjere artroskopi på bakgrunn av forteljinga mi. Ingen indikasjon til skade var å sjå på røntgen, ultralyd eller MR. Det er å ta pasienthistoria på alvor! Ein systematisk gjennomgang av forsking på feltet av Bedson & Croft (2008) (2) syner nett- opp at resultat av røntgen og MR av kne ikkje bør nyttast isolert når ein vurderer pasientar med knesmerte. Artro- skopien av mitt kne synte omfattande skade. Ein av fem strevar Resultatet etter artroskopi gav ikkje eit resultat som gjorde meg meir mobil. Skaden var for omfattande. Nye lange rundar i helsetenesta førte til kneproteseoperasjon. Eg er takksam for profesjonell og god behandling knytt til ope- rasjonen. Men eit halvt år ut i opptreninga er resultatet di- verre lite oppløftande. Kneet aksepterer ikkje å bli brukt. Det er stivt, hovnar opp og blir vondt sjølv etter at eg berre har rørt meg litt. Under opptreninga har eg følgt alle faglege råd. Eg går til fysikalsk behandling fleire gongar i veka. Heller ikkje her er eg aleine. Forsking syner at inntil ein av fem pasientar slit med smerter og dårleg funksjon etter kneproteseope- rasjon. Det er stort behov for meir kunnskap til hjelp for pasientgruppa. Fysioterapeutar står sentralt i aktuell be- handling (3). Sakn av aktivt liv Dagar, veker og månader går. Eg leitar etter teikn til betring, men dei er der berre ikkje. Det er fortvilande å vere ute av stand til å gå ein tur i frisk luft. Kroniske smerter påverkar livskvaliteten sterkt. Avgrensinga av fysisk aktivitet kom- binert med smerter og ubehag set ein lett ut av spel. Be- skjeden frå behandlingsteamet er å vere tolmodig og å gje det minst eit år før vurdering av resultat. Med nytt kne på plass er det ikkje anna å gjere enn å vere tolmodig, trene styrke og gå til behandling hjå fysioterapeut. Eg stiller meg likevel undrande til om det verkeleg ikkje finst erfaring og PASIENTERFARING Smerter og ubehag med kneprotese: Pasienterfaringar og ny forsking Anne-Grethe Naustdal , pasient. anne.naustdal@icloud.com. Denne artikkelen ble akseptert 7. desember 2020. Personlige erfaringer vurderes av fagredaktør. Ingen interessekonflikter oppgitt

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy