Fysioterapeuten 1-2021

FYSIOTERAPEUTEN 1/21 83 forsking som kan gje peikepinn på årsaker til stivhet, smer- ter og hevelse 6 månadar etter kneproteseoperasjon? Medan eg ventar på å få det aktive livet mitt tilbake, lei- tar eg febrilsk etter forsking på feltet i håp om å finne tips til målretta behandling. Det er mykje forsking på kne og kneproteser, men for meg som pasient er det ikkje like lett å vurdere akkurat kva som er relevant akkurat for min situa- sjon. Skal ein som pasient dra nytte av resultat frå forsking, må den einskilde helsearbeidar både finne, lese, vurdere og ta den i bruk i klinisk praksis. Rask og målretta behandling er tilrådd Eg må innrømme at eg er redd for å bli behandla etter stan- dardiserte prosedyrar lite tilpassa mitt kne. Lang tid med slike plager gjer at eg vert redd for om rett behandling med tida som går blir vanskelegare å utføre. Forsking peikar på kor viktig det er å få rask og målretta behandling, om ein skal unngå langvarige smerter og funksjonshemming (4). Ein av dei viktigaste faktorane for vellykka behandling er tidleg diagnose og behandling. Behandlinga krev ei tverr- fagleg tilnærming med trinnvis nøye vurdering for nøyak- tig diagnostisering av den underliggande patologien. Med andre ord går dei forskingsbaserte råda rett imot det eg får informasjon om, som er å vente og ta tida til hjelp. I ulike deler av helsetenesta har eg møtt ulike dyktige fagfolk, eit spekter av profesjonelle som vil gjere sitt beste for meg. Men kan det likevel vere slik at ny forsking ikkje vert tatt tilstrekkeleg i bruk i behandling av pasientar med knesmerter og problem etter innsetting av kneprotese? Når ein av fem pasientar opplever uendra eller verre smerter og fysisk funksjon 1 år etter kneproteseoperasjonen, er det tydelegvis mange som slit med det same som meg. Vi har nok alle berre eit ynskje: ein dag å kunne kjenne på gleda ved å bruke kneet utan smerter og ubehag. Å gå på tur i frisk luft er ein draum. Det gjeld berre å fatte mot og håpe på at ny kunnskap vert lest og tatt i bruk på beste vis. Referanser 1. Furnes O, Hallan G, Kroken & Fenstad AM. (2019) Nasjonalt register for leddproteser Årsrapport for 2019 med plan for forbedringstiltak, Haukeland universitetssjukehus, Helse-Bergen HF 2. Bedson J. & Croft PR. (2008) The discordance between clinical and radiographic knee osteoarthritis: A systematic search and summary of the literature. BMC Musculoskeletal Disorders volume 9:116. 3. Beswick AD, Wylde V, Gooberman-Hill R. (2015) Interventions for the prediction and management of chronic postsurgical pain after total knee replacement: systematic review of randomised controlled trials. BMJ Open 2015;5:e007387. 4. Wylde, V, Beswick A, Bruce, J, Blom A, Howells N & Gooberman-Hill R. (2018) Chronic pain after total knee arthroplasty. EFORT Open Reviews Vol. 3, No. 8 Forfatter har også benyttet seg av disse kildene: Olsen U, Lindberg MF, Denison EM. et.al (2020) Predictors of chronic pain and level of physical function in total knee arthroplasty: a protocol for a systema- tic review and meta-analysis. BMJ Open. Toms AD, Mandalia V, Haigh R, Hopwood B. (2009) The management of patients with painful total knee replacement. J Bone Joint Surg [Br] 2009 ; 91-B: 143-150.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy