Fysioterapeuten 3-2020
22 FYSIOTERAPEUTEN 3/20 fag VITENSKAPELIG ARTIKKEL «Bruk intuisjonen og fantasien» – ein analyse av kropps- og kunnskapssynet i Aadel Bülow- Hansen si fagutøving og norsk psykomotorisk fysioterapi Sammendrag n Bakgrunn : Norsk psykomotorisk fysioterapi (NPMF) har blitt kritisert for manglande vitskapeleg dokumentasjon. Kritikken kan sjåast på bakgrunn av det evidensbaserte kunnskapsparadigmet. Grunnleggjar av fagtradisjonen, Aadel Bülow-Hansen, opp- moda til bruk av intuisjon og fantasi, som kan synast kvasivitskapeleg i det rådande kunnskapsparadigmet. Føremålet med denne studien er å belysa og drøfta det implisitte kropps- og kunnskapssynet i tradisjonen gjennom å sjå nærare på hennar praksis og fagmiljøet si vidareføring av den. n Metode : Kvalitativ tilnærming med opne intervju av tre ulike nestorar som kommen- terer eit og same filmopptak av Bülow-Hansen i klinisk pasientarbeid. n Funn : Artikkelen presenterer funna i to tema: 1. Sansing og bevegelse i kommunika- sjon og samhandling. 2. Klinisk kompetanse og resonnering. Informantane peika på eit tredimensjonalt syn på kroppen som biologi, erfarande og relasjonell, samt ein kunnskap som er kroppsleg og sanseleg fundamentert. n Konklusjon : NPMF er tufta på eit kropps- og kunnskapssyn, der den kroppslege, san- selege kunnskapen er integrert med teoretisk og teknisk kunnskap. Såleis let ikkje denne kunnskapen underordna seg kriteria for det som blir sett på som den beste kunnskapen i EBP-systemet. Heller representerer tradisjonen ei kompleks kunnskaps- og kroppsforståing, og speilar kompleksiteten og det særeigne ved lidingane kvar enkelt pasient treng hjelp med. n Nøkkelord : Norsk psykomotorisk fysioterapi, Aadel Bülow-Hansen, evidensbasert praksis, kroppssyn, kunnskapssyn. Ingvild Teigen , privat- praktiserende fysiotera- peut. MSc. og spesialist innen psykomotorisk fysioterapi (MNFF). ingvildteigen@hotmail. com. Britt-Vigdis Ekeli , pensjonert førsteama- nuensis. Ph.d., humanoria og samfunnsfag. Randi Sviland , privatpraktiserende fysio- terapeut. Spesialist innen psykomotorisk fysioterapi (MNFF). Ph.d. og førsteamanuen- sis ved Høgskulen på Vestlandet. Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 6. februar 2020. Studien artikkelen baseres på er godkjent av Norsk senter for forskningsdata (NSD). Ingen interessekonflikter oppgitt. Innleiing Norsk psykomotorisk fysioterapi (NPMF) er ein norsk tradisjon, utvikla på 1940-ta- let gjennom eit samarbeid mellom psykia- ter Trygve Braatøy og fysioterapeut Aadel Bülow-Hansen. NPMF byggjer på teoretisk kunnskap frå mange kunnskapsfelt, som anatomi, fysiologi, biomekanikk med meir. Like grunnleggjande er forståinga av at kjensler, levd liv og kropp er veva saman, og nedfell seg i vanemessige kroppslege re- aksjons-, handlings- og spenningsmønster. Med utgangspunkt i individuelle mønster blir generell kunnskap tilpassa i konkret fa- gutøving (1, 2). Fagtradisjonen har gjennom åra blitt kri- tisert for manglande vitskapeleg dokumen- tasjon, sjølv om fleire doktoravhandlingar (3-8) og mange masteroppgåver belyser fag- feltet. Den kvalitative forskinga som er gjort svarar ikkje til kritikarane sitt krav om gene- ralisering etter kvantitative kriteria (9). Når ein randomisert kontrollert studie (RCT) nyleg har vist at NPMF har god effekt (10), aukar difor håpet om større anerkjenning i det medisinske miljøet og helsepolitisk sat- sing (11). Kritikk og gryande anerkjenning kan sjåast på bakgrunn av det evidensbaserte kunnskapsparadigmet. Problemet er at evi- dens-omgrepet kan synast å bli nytta einty- dig, som måling av effekt utifrå tiltak (12- 16). Slike former for evidens legg fyrst og © Author(s) (or their employer(s)) 2020. Re-use permitted under CC BY-NC. No commercial re-use. See rights and permissions (https://creativecommons.org/licenses/by-nc/4.0/) . Published by Fysioterapeuten.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy