Fysioterapeuten 3-2020

FYSIOTERAPEUTEN 3/20 23 NPMF er tufta på eit kropps- og kunnskapssyn, der den kroppslege, sanselege kunnskapen er integrert med teoretisk og teknisk kunnskap. Kort sagt • Kompleksiteten i kropps- og kunnskaps- synet NPMF er tufta på legg premiss for forsking og teoriutvikling. • Vitskapeleg verksemd må difor nytta metodar som samsvarar med problem- felt og problemstillingar. • Difor blir det vesentleg å vera merksam på kva grunnleggjande vitskapsteore- tiske og filosofiske premiss forsking og teoriutvikling føregår på. fremst vekt på forskingsmetode, der kunn- skap produsert gjennom klinisk kontrollerte forsøk (RCT) får høgast evidens. Standardi- seringar, klassifiseringar, kodar, protokollar og sjekklister blir deretter utarbeida i for- hold til diagnose, prognose, behandling og førebygging (17). «Bruk intuisjonen og fantasien» sa Bülow-Hansen til elevane sine (18). Intui- sjon tyder «å vurdera», «å sjå inn i», «gran- ska», og er ei augeblikkeleg innsikt, forståing eller kjensle av ei sak eller situasjon. Fantasi handlar om evna til å førestilla seg noko, til å skapa kunst med, eller å finna løysingar på problem. Bülow-Hansen meina at teori i for stor grad blei vektlagt på kostnad av fysiote- rapeutar si utvikling av kjenslevare hender i sansevar merksemd i møte med den enkelte pasient. Fysioterapeuten måtte erfara rørsler og spenningsmønstre i eigen kropp, og med ei utforskande tilnærming leita etter måtar å justera seg kroppsleg på. Denne eigenerfa- ringa ville gjera fysioterapeuten i betre stand til å hjelpa pasienten med utforsking av kroppslege forhold og moglegheiter til be- tre funksjon. Bülow-Hansen si oppfordring kan synast naiv og kvasivitskapeleg i «evi- densens tidsalder», sjølv om Albert Einstein hevda at fantasi er viktigare enn kunnskap, fordi kunnskap er avgrensa medan fantasi stimulerer til utvikling. For å belysa og drøfta det implisitte kropps- og kunnskapssynet i fagtradisjonen, er denne artikkelen bygd på tre intervju med tre ulike nestorar som kommenterer eit og same filmopptak av Bülow-Hansen i klinisk pasientarbeid. Analysen er retta mot det informantane fortel om hennar klinis- ke arbeid og generelt om praksis i fagfeltet.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy