Fysioterapeuten 3-2020

24 FYSIOTERAPEUTEN 3/20 FAG VITENSKAPELIG ARTIKKEL Denne artikkelen vidarefører analysen frå masteroppgåva til fyrsteforfattar (19) med spissa problemstilling: Kva grunnleggjande kropps- og kunnskapssyn ligg implisitt i fa- gutøvinga i NPMF? Metode I denne studien intervjua fyrsteforfattar tre sentrale psykomotorikarar med utgangs- punkt i eit filmopptak av Bülow-Hansen i klinisk arbeid (19). Desse tre sentrale fag- personane blei valt som deltakarar grunna deira sterke bidrag med omsyn til utøving og kunnskapsutvikling i tradisjonen, samt deira kjennskap til Bülow-Hansen gjennom eigenbehandling og opplæring. Informanta- ne blei bedt om å reflektera fritt over det dei observerte i filmen. Studien hadde ei herme- neutisk tilnærming; informantane fortolka filmen og fyrsteforfattar fortolka informan- tane sine fortolkingar. For å framheva foku- set på Bülow-Hansen, blir ikkje informanta- ne identifisert ved namn i artikkelen slik dei blei i studien (19). Intervjua blei teke opp på lydband, samt filma, for å kunne kopla informantane sine refleksjonar til filmopptaket. Gjennom transkripsjon og gjentatt lesing blei det gjen- nom analyse identifisert tema som kunne belyse kropps- og kunnskapssynet i NPMF. For å skriva denne artikkelen er empirien analysert på nytt ved hjelp av systematisk tekstkondensering (20). Teoretiske perspektiv Psykomotorisk kroppsforståing i eit feno- menologisk perspektiv Det teoretiske grunnlaget for NPMF har sitt opphav i Braatøy si tenking (2,21). Han utfordra den tradisjonelle biomedisinske tenkinga om kroppen, og kritiserte dualis- men, som skil kropp og psyke, og fornuft og kunnskap frå kroppen. Fenomenolo- gisk filosofi utfordrar nettopp slike grunn- leggjande oppfatningar og er difor eigna til å løfta fram kroppsforståinga i NPMF (5,6,8,22,23). I NPMF blir kroppen sett på som ei funksjonell og samspelande eining, der fysiske, psykiske og sosiale faktorar kon- tinuerleg spelar saman. Ikkje ved å plussa på ein psyko-sosial dimensjon til den biologis- ke kroppen, men som ein kvalitativt annleis tenkjemåte (1). Kroppen både uttrykkjer og regulerer kjenslelivet gjennom spenningar, bremsa pust og bevegelsar. Via ei omstilling av kroppshaldning, muskulatur og pust, er målet å få fram pasienten sine potensial for endring (1,2). Filosofen Merleau-Ponty sin fenome- nologi knyt subjektet eksplisitt til kroppen; som kroppssubjekt samhandlar og handlar menneske seg imellom og med omgjevna- dane. Menneske har forankring i ei livsverd, og liv og levd erfaring er forankra i krop- pen (5). Filosofen Løgstrup insisterer i sin fenomenologiske sansefilosofi på at verda gjev inntrykk på oss. Erkjenninga vår av verda kvil i sansinga, og me opplev ho med kroppslege tilstandar og rørsler. Me blir be- vega av inntrykk utan at me kan gjera noko frå eller til. Sansinga gjev oss direkte tilgang til verda (24). Profesjonskunnskap Grimen (25) hevdar at kunnskapsbasen i profesjonar er mangfaldige, og at dei vikti- gaste samanhengane i dei er praktiske. Pro- fesjonell yrkesutøving må i mange tilfelle nytta kunnskap frå mange felt, som i helse og omsorg, der ein fysioterapeut må foreina kunnskap frå ulike vitskapar med evne til god kommunikasjon. Denne kunnskapsba- sen er praktisk i den forstand at yrkesutøvin- ga fordrar ulike kunnskapselement, som kanskje i utgangspunktet ikkje har ein teo- retisk samanheng, t.d. biologi og kommu- nikasjonsteori, men som i praksis er knyta saman. Det er til dømes naudsynt å kommu- nisere godt med pasienten for å vurdere hel- setilstand og grunngje tilnærming. Klinisk arbeid krev òg utøving av moralsk, politisk og juridisk skjønn, og kunnskapsbasen blir såleis ytterlegare kompleks. Denne praktiske kunnskapen kjem til syne i handlingar, skjønn og vurderingar, og let seg ikkje lausriva frå den som har han eller dei situasjonane han blir nyt- ta i (25). Molander (26) nyttar omgrepet kunnskap-i-handling for å tydeleggjera at kunnskap har ei aktiv sida som inneber at ein gjer noko i verda. Han er kroppsleg, og avleira i innøvde kroppslege ferdigheitar og fortrulegheit med omverda (26). Schön (27) knyt yrkespraksis til refleksjonsevna hjå utøvaren, og at den kompetente fagutøvar vanlegvis veit meir enn han kan setja ord på. Fagutøvaren kan tidvis reflektera over denne intuitive kunnskapen medan han er i handlinga – i ein situasjon som er unik, usikker og kompleks. Det inneber å ta på alvor det som skjer i situasjonen, og fordrar at fagutøvaren stiller seg open og let seg bli overraska, og vurderer på nytt, basert på er- faring. Slike kvardagslege praksissituasjonar med uføresette problem og overraskingar fell utanfor kontekstuavhengige forståingar. Funn To kategoriar peika seg ut som sentrale for å kasta lys over perspektiva på kropp og kunn- skap: 1. Sansing og bevegelse i kommunika- sjon og samhandling. 2. Klinisk kompetanse og resonnering. Sansing og bevegelse i kommunika- sjon og samhandling «Vi skal snakke med fingrene, vi skal se med hendene, og vi skal kjenne bevegelsene og vi skal gjøre bevegelsen selv.» Informantane framhevar det Bülow-Han- sen meina var grunnleggjande i fagutøvinga: Å sjå, lytta, kjenna og erfara bevegelsar sjølv som føresetnadar for å kunne utøva faget adekvat. Slik sett handlar behandlinga om å kommunisera gjennom å sansa den an- dre sine bevegelsar og å formidla gjennom å røra ved og bevega - i den hensikt å endra kroppshaldning, muskulatur og pust, som samtidig er å endra pasienten sitt forhold til kroppen og seg sjølv. Undervegs i filmen er det eit gjennom- gåande trekk at informantane kommen- terer det tredimensjonale perspektivet på kroppen Bülow-Hansen jobbar utifrå: Bio- mekanisk analyse av funksjon, haldning og bevegelse, som samtidig tek omsyn til kroppen som erfarande og relasjonell. Då Bülow-Hansen brukar tid på å justera og leggja handklede under pasienten sin nakke og korsrygg, påpeikar ein av informantane at handkleda skal oppretthalda dei anato- miske lordosane, samtidig med at handkle- da skal fungera som ei støtte med føremål om å formidla tryggleik. I tillegg kommen- terer ho det relasjonelle aspektet som ligg i denne handlinga: «[…] det er mye omsorg i måten hun gjør det på.» Alle informantane har gått i eigenbe- handling hjå Bülow-Hansen, og veit difor korleis dette kan opplevast. Ein av infor- mantane eksemplifiserer betydninga av Bülow-Hansen sine hender gjennom å på- peika korleis Bülow-Hansen hjelp pasienten til å bli kjent med seg sjølv, samtidig som ho gjennom dei formidlar tillit og fortrulegheit mellom seg og pasienten: «Og når de blir kjent med seg selv ved hjelp av Bülow, så oppstår en tillit og fortro- lighet. Det kan erfares som at «denne damen har jo kjent på meg! Hun har forstått meg

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy