Table of Contents Table of Contents
Previous Page  29 / 52 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 29 / 52 Next Page
Page Background

FYSIOTERAPEUTEN 6/16

29

Eli Natvik

, fysioterapeut MSc, Institutt for Glo-

bal helse og samfunnsmedisin, Det medisinsk-

odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Rettleiarar: Professor Målfrid Råheim, profes-

sor Eva Gjengedal og førsteamanuensis

Christian Moltu.

Disputasen vart gjennomført 9. oktober 2015.

Arbeidet er finansiert av Fysiofondet (Fond til

etter- og videreutdanning av fysioterapeuter).

Orginaltittel: Carrying the weight of uncer-

tainty: Patients’ long-term experiences after

bariatric surgery.

Førekomsten av fedme og alvorleg fedme

har auka raskt i Noreg etter 1980. Alvorleg

fedme betyr høg kroppsvekt som er knytt til

helserisiko og redusert livskvalitet. Helsete-

nesta tilbyr menneske med alvorleg fedme

ei tverrfagleg utgreiing og moglege tiltak

for vektreduksjon, men ikkje nødvendigvis

kirurgi. Fedmekirurgi er eit alternativ ved

alvorleg fedme, og synast å vere det mest

effektive tiltaket ved å gi varig vekttap og

reduksjon i vektrelaterte følgjetilstandar for

pasientar flest. Kirurgi inneber også risiko,

og langtidsresultat og komplikasjonar ut-

over dei første to åra etter inngrepet er ikkje

tilstrekkelig utforska.

Føremålet med studien var auka innsikt

i korleis endringar etter fedmekirurgi kan

opplevast og kva endringane i etterkant

kan innebere, gjennom å utforske pasien-

terfaringar, minst fem år etter behandling.

Forskingsspørsmåla var: Korleis erfarer pa-

sientar å ha gjennomgått fedmekirurgi, og

endringar og meiningar knytt til dette, minst

fem år etter? Kva tenker dei om framtida?

Korleis erfarer pasientar eting og endring av

etepraksisar på lang sikt etter fedmekirurgi?

Korleis skildrar dei det kroppslege knytt til

eting? Korleis er menn sine erfaringar med

helse og velvære, meir enn fem år etter fed-

mekirurgi?

Studien har eit kvalitativt design, og er

forankra i eit fenomenologisk perspek-

tiv. Forskingsmaterialet var 20 individu-

elle djupneintervju med sju kvinner og 13

menn, gjennomført mellom fem og sju år

etter fedmekirurgi. Deltakarane hadde ulik

bakgrunn, og var i alderen 28 til 60 år. Alle

hadde gjennomgått Duodenal omkopling,

som er ein kirurgisk metode som gir størst

vekttap og inneber noko høgare risiko for

komplikasjonar, når den vert samanlikna

med andre metodar. Analysane av for-

skingsmaterialet er inspirerte av Giorgi sin

fenomenologiske metode.

Resultata er presentert i tre vitskaplege

artiklar. Den første artikkelen bygger på

intervju med dei første åtte deltakarane i

prosjektet. Hovudfunnet var at omfattande

endring, endringar i korleis deltakarane vart

møtt av andre og forhandlingane om eigen

kroppsleg identitet var vesentleg for korleis

fedmekirurgi vart erfart på lang sikt. Den

andre artikkelen bygger på dei første 14

intervjua i prosjektet. Deltakarane uttrykte

eting som ein eksistensiell praksis, nært

knytt til deira konkrete situasjon, og som eit

sensitivt tema etter fedmekirurgi. Den tredje

artikkelen tek utgangspunkt i dei 13 mann-

lege deltakarane sine erfaringar etter fedme-

kirurgi. Hovudfunnet var at handling var

essensielt for mennene si sjølvforståing, og

eit omdreiingspunkt for heile fedmekirurgi-

forløpet deira. Fedmekirurgi var erfart som

ei inngripande behandling, men óg som

djupt meiningsfylt, fordi den gav mennene

tilgang til å engasjere seg aktivt i samspelet

med omverda og andre.

Å bere vekta av det usikre (carrying the

weight of uncertainty) var eit gjennomgå-

ande sentralt tema på tvers av funna som

er presentert i dei tre delstudiane. Trass i

tilstrekkelig vekttap og tilfriskning frå vekt-

relaterte følgjesjukdommar, levde pasien-

tane på lang sikt med helseplager, sjukdom,

komplikasjonar og uro for framtida knytt til

kroppsvekt og helse.

Artiklar:

1. Natvik, E., Gjengedal, E., & Råheim, M.

(2013). Totally changed, yet still the same:

Patients’ lived experiences 5 years beyondba-

riatric surgery Qualitative Health Research,

23(9), 12. doi:10.1177/1049732313501888.

2. Natvik, E., Gjengedal, E., Moltu, C., & Rå-

heim, M. (2014). Re-embodying eating: pa-

tients’ experiences 5 years after bariatric sur-

gery. Qualitative Health Research, 24(12),

1700-1710. doi:10.1177/1049732314548687.

3. Natvik, E., Gjengedal, E., Moltu, C., &

Råheim, M. (2015). Translating weight loss

into agency: Men’s experiences 5 years af-

ter bariatric surgery. International Journal

of Qualitative Studies on Health and Well-

Being, 10. doi:10.3402/qhw.v10.27729.

Doktorgrad:

Fedmekirurgi som levd erfaring – fem år etter