Fysioterapeuten 6-2021

VITENSKAPELIG ARTIKKEL 62 FYSIOTERAPEUTE 6/21 Sammendrag Bakgrunn : Hensikta med studien var å undersøke om det er ein assosiasjon mellom potensielle traumatiske opple- vingar i barndom og langvarige muskel- og skjelettsmerter. Design : Ein kvantitativ tverrsnittstudie Materiale : Alle deltakarar i Helseundersøkelsen i Nord- Trøndelag, UNG-HUNT 3. Metode : Utval frå spørjeskjema i UNG-HUNT 3; langvarige muskel- og skjelettsmerter, potensielle barndomstraumer, alder, kjønn, familiesamhald, sosial kompetanse, einsemd, angst- og depresjonssymptom, fysisk aktivitet, røyking og søvn. Det vart brukt hierarkisk lineær multippel regresjons- analyse for å analysere assosiasjonar. Resultat : Studien inkluderte 6342 ungdommar, gjen- nomsnittsalderen i utvalet var 15,9 år. Hierarkisk lineær multippel regresjonsanalyse viste ein signifikant assosia- sjon mellom potensielle traumatiske opplevingar og lang- varige muskel- og skjelettsmerter. Av dei konfunderande faktorane hadde angst- og depresjonssymptom, søvn og familiesamhald størst assosiasjon med langvarige muskel- og skjelettsmerter hjå ungdom. Konklusjon : Ungdommar som har vore utsett for poten- sielt traumatiske opplevingar har høgre sannsyn for å utvikle langvarige muskel- og skjelettsmerter samanlikna med ungdommar som ikkje har slike opplevingar. Til fleire potensielle traumer ein ungdom har opplevd til større er sannsynet for at personen har langvarige muskel- og skje- lettsmerter. Vidare viser resultata at både sosiale, mentale og fysiske variablar har statistisk signifikant innverknad på utvikling av langvarige muskel- og skjelettsmerter hjå ungdom i ein generell populasjon. Nøkkelord : langvarige muskel- og skjelettsmerter, poten- sielle traumatiske opplevingar, ungdom. Arne Kandal , MSc., fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, Lebesby kommune. arne.kandal@lebesby.kommune.no. Lebesby kommune. Tore Aune , PhD., førsteamanuensis ved Institutt for sykepleie og helsevitenskap, Nord universitet. Psykologspesialist, Bufetat, Region Midt-Norge. Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 30. juni 2021. Studien som artikkelen baseres på (UNG-HUNT 3) er godkjent av Regionale etiske komiteer, med referansenummer 4.2006.250. Studien vart vurdert og godkjent av forskingsutvalet ved Nord universitet (2018). Ingen interessekonflikter oppgitt. Artikkelen ble først publisert på www.fysioterapeuten.no. Potensielle traumer og langvarige muskel- og skjelettsmerter hjå ungdom. Ein tverrsnittstudie Innleiing Langvarige muskel- og skjelettsmerter (LMSK) er ein av dei mest vanlege helseproblema i Noreg, og medfører store kostnadar for samfunnet (1). I den vaksne befolkninga er det estimert at halvparten har LMSK i løpet av eit år (1-3). Vidare er det rapportert samanhengar mellom psykisk hel- se (4-6), somatisk helse (7), sosiale faktorar (4) og LMSK. Førekomsten av potensielle traumatiske opplevingar (PTO) er høg, og det er estimert at over halvparten av be- folkninga har hatt ein eller fleire slike opplevingar (3, 8). I den vaksne befolkninga er det vist at ein av risikofaktorane for å utvikle LMSK er PTO i barndommen (3, 9-11). I mot- setning til desse resultata har Nelson et.al (2017) og Nel- son, Simons & Logan (2018) ikkje funne ein slik saman- heng mellom LMSK og PTO når det gjeld barn og ungdom (12, 13). Det har ikkje tidlegare blitt gjennomført ein popula- sjonsbasert studie der ein undersøker om PTO predikerer utvikling av LMSK hjå barn og ungdom der ein samstun- des kontrollerer for kjente risiko- og beskyttande faktorar. På bakgrunn av tidlegare forsking har vi ein hypotese om at det er ein ikkje-statistisk samanheng mellom rap- porterte LMSK og PTO i eit populasjonsbasert utval av barn og ungdom i alderen 13-19 år. Med dette forventar vi at PTO ikkje predikerer utvikling av LMSK kontrollert for kjente konfunderande faktorar.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy