FYSIOTERAPEUTEN 6/22 13 © Author(s) (or their employer(s)) 2022. Re-use permitted under CC BY-NC. No commercial re-use. See rights and permissions (https://creativecommons. org/licenses/by-nc/4.0/). Published by Fysioterapeuten. Kort sagt • Mykje av kritikken av artikkelforfattarane om effekten av kjernemuskulaturtrening er på sin plass. Samtidig er det å referere 30-40 års gamal forsking som fundamentet for kjernemuskulaturtrening problematisk. Spesielt då presisjonsnivået av idrettsleg prestasjon og funna frå empirien er tidvis fråverande. Til slutt, mangel på empiri ikkje er det same som at ein kan forkaste ein hypotese. 6]. Då vi har sterkt avgrensa klinisk erfaring, vil konteksten vidare i all hovudsak vera retta mot idrett og prestasjon. Frå ein vitskapleg ståstad, er forsking på kjernemuskulaturtrening i sin spe start. På 80- og 90-talet kom dei fyrste studia leia av Panjabi, Hodges, Richardson og McGill der fokuset låg på potensielle orsakar av korsryggsmerter [712]. Som studentar på 2000-talet vart vi undervist i «nøytrale soner, feed-forward/feed-backward, weak links, isolerte og isometriske core øvingar og serape effect» [7-13]. Dette var forskingsfronten då og det var difor ikkje unaturleg at idretten, og seinare treningsbransjen, nytta den litteraturen som var tilgjengeleg. På slutten av 2000-talet tok fleire forskarar til ordet for eit skifte i kjernemuskulaturtrening og betydninga av den [14-15]. Med andre ord meiner vi at forskinga må sjåast i lyset av sin tid og det er ei kjensgjerning at forskinga på kjernemuskeltrening har utvikla seg. Til dømes har forskinga i den seinare tid retta seg meir mot korleis ein kan implementere kjernemuskulaturen i den kinetiske kjeda framfor å isolere den [16-24]. Derfor meiner vi det blir noko problematisk når artikkelforfattarane [1] hevder at «fundamentet til kjernemuskeltreningskonseptet vakler» når forskinga som refererast til som «fundamentet» er 30-40 år gamal forsking og kunn en begrensa del av den siste tilgjengeleg forsking (spesielt innafor idrett og prestasjon) er nytta. Dette til tross for at artikkelforfattarane har nytta ein relativt konservativ definisjon av kjernemuskulaturtrening kor det i seinare tida har vore ein dreiing internasjonalt mot «trunk» og ikkje «core» trening (sjølv om dette ikkje har vore nytta konsekvent i litteraturen). Artikkelforfattarane trekk fram Bergmark [25] si klassifisering av globale- og lokale muskelstabilisatorar der fleire forskargrupper hevda det var ein samanheng mellom enkeltmusklar sin dysfunksjon og prevelansen av rygg-
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy