14 FYSIOTERAPEUTEN 6/22 FAGARTIKKEL smerter [9-11]. Mange av 90-og 2000-talets kjernemuskulaturøvingar vart utvikla nettopp for å stresse/trene dei lokale muskelstabilisatorane isolert. Samstundes har trening av desse to muskelstabilisatorsystema (globale og lokale) separert blitt tilbakevist på 2000-talet [14]: «This mistaken belief has promoted ineffective training strategies designed to train the local and globale muscle groups sepertaly in nonfunctional posistions» ( Willardson, 2007, p 980). Mangel på evidens av effektar av kjernemuskulaturtrening vart påpeika av artikkelforfattarane. På tematikken, eksisterer det to systematiske oversiktsartiklar med tilhøyrande meta-analysar som undersøker kjernemuskulaturtrening og prestasjon [26-27] og ein oversiktsartikkel på effekten blant eldre [28]. Studia syner til små til moderate endringar (effekt storleikar) på idrettsleg prestasjon [2627]. Generelt, vil usystematiske søk som ikkje kan etterprøvast stå i fare for det vi kallar «cherry picking». Altså, ein står i fare for å velje dei studia som understøtter sin eiga oppfatning eller fortolking. Som påpeika av artikkelforfattarane [1], det å kvantifisere effekten av kjernemuskulaturtrening gjennom reliable og valide testar, lir av store kunnskapshull som bør tettast. Framleis er evna til å oppretthalde ein posisjon til utmatting den meste nytta testen, medan einskilde forskargrupper har designa eiga testutstyr [29-30]. Dahl og Tillaar [31] nytta ein lineær enkodar til å måle rotasjonshastigheit etter ein åtte vekers kjernemuskulaturtrening blant handballspelarar der kjernemuskulaturgruppa viste auka rotasjonshastigheit og skothastigheit samanlikna med kontrollgruppa. Per dags dato, er underteikna ikkje kjent med validerte og reliable øvingar eller testar for å undersøke «weak links» eller treningseffekter av kjernemuskulaturen [32]. Oversiktsartikkelen som vart publisert nyleg understreker behovet å utvikle dynamiske testar for ulike idrettar [33]. Likevel, mange (inkluderte Olympiatoppen) har utvikla testbatteri som vert nytta i ulike populasjonar (inkluderte utøvarar på elitenivå). Kanskje har den erfaringsbaserte kunnskapen komen lengre enn den vitskaplege? Så til kjernespørsmålet (fritt tolka av oss) i artikkelen [1]: Kan tradisjonell tung styrketrening erstatte kjernemuskulaturtrening? To tverrsnittstudiar har undersøkt muskelaktivering i tung knebøy og markløft (70-100% av 1RM) med tradisjonelle kjernemuskulaturøvingar [34-35]. Begge studiane viste høgare muskelaktivitet i m. erector spinae i knebøy og markløft, men ikkje i m. rectus abdominis eller m. obliquus externus samanlikna med kjernemuskulaturøvingane. Av stor viktigheit, kjernemuskulaturøvingane vart gjennomført med lav intensitet til ein ikkje-utmatting tilstand [35] eller ved å oppretthalde ein posisjon i tre sekund [34]. Mange vil hevde at å samanlikninga kjernemuskelaktivering under så ulike forhold er feil og som å samanlikne «eple med bananar». Dette til tross, akutte studiar kan ikkje seie noko om kausalitet. Uansett, funna indikerer at det i knebøy er store forskjellar i aktivering mellom dei ulike kjernemusklane [34-35]. Dette er i samsvar med observasjonar frå vår lab der magemuskulaturen er relativt lite aktivert når ein utførar knebøy og beinpress med tung motstand (3-RM) [36]. Med andre ord, når ein hevdar at tunge baseøvingar aktiverer kjernemuskulaturen tilstrekkeleg, så er det nok på sin plass å presisere kva for kjernemusklar ein meiner og ikkje slå alle under same kam. Vidare, og til vår kjennskap, har kunn ein studie som har undersøkt effekten av kombinert kjernemuskulaturtrening med vekt- og styrkeløft blant mannlege vektløftar [37]. Gruppa som kombinerte kjernemuskulaturtrening med vektløfting vist større framgang i støt enn gruppa som kunn trena tradisjonelt medan det var ingen forskjell i rykk, knebøy eller benkpress mellom gruppene etter ein ti-vekers periode. Underteikna vil hevde å ha gjennomgått det meste av tilgjengeleg forskingslitteratur der kjernemuskulaturtrening og prestasjon har blitt undersøkt [27]. Som artikkelforfattarane påpeiker, er variasjonen i sjølve kjernemuskulaturtrening stor. Samstundes, når kjernemuskulaturtrening vert implementert i vanleg trening og eller utført som ekstra trening, viser meta-analysen ein moderat effekt (effekt storleik) på prestasjonsmål som kasthastigheit, slaglengde i golf, og symjetid samanlikna med å trene idretten som vanleg (dvs. utan å trene kjernemuskulaturen) [27]. Faktisk viste 11 av dei 12 studia som undersøkte idrettsspesifikk prestasjon, positiv framgang samanlikna med å trene som vanleg. Og ja, dei nemnte studia har ei rekkje veikskapar. Samstundes var det ingen av desse studia som nytta tradisjonell styrketrening som kontroll. Til vår kjennskap, har ikkje dette blitt undersøkt vitskapleg. Dette bør gjerast. Så til spørsmålet, og ikkje påstanden, om at kjernemuskulatur lover meir enn det kan holde: I høve til idrett, vel vi å følgje Ole Brum sitt kjente utsegn «Ja takk, begge deler». Ja takk til både tradisjonell tung styrketrening og kjernemuskulaturtrening. Dette fordi vitskapen ikkje har vist at tung styrketrening kan erstatte kjernemuskulaturtrening og at både kjernemuskulaturtrening og tradisjonell styrketrening har vist signifikant effekt på prestasjon. Avslutning Kjernemuskulaturtrening er ikkje alltid klart definert der medisinballkast kan bli klassifisert som både kjernemuskulaturtrening, lokal muskulær uthaldstrening og styrketrening. Vidare har forskargrupper undersøkt akutte effektar av å implementere og/eller auke kravet kjernemuskulaturtrening i styrkeøvingar [16-24]. Dette har blitt gjort ved å endre understøtteleseflata i tradisjonelle styrkeøvingar (t.d. ståande framfor sittande posisjon), unilateralt framfor bilateralt utføring, nytte elastiske band, modifisere tradisjonelle kjernemuskulaturøvingar eller endre stabilitetskravet. Dei akutte effektane av kjernemuskulaturaktivering verkar lovande samanlikna med tradisjonelle utføring av styrkeøvingane, sjølv om langtidseffekten ikkje er undersøkt. Som forskarar meiner vi at spørsmålet er ikkje om ein som idrettsutøvar skal trene kjernemuskulaturtrening, men korleis? Per dags dato har den evidensbaserte litteraturen ikkje svaret. Referansar 1. Paulsen G, Haugvad L, Solberg P. Kjernemuskeltrening lover mer enn det kan holde: En forsknings- og erfaringsbasert gjennomgang. Fysioterapeuten. 2022;6(22). https://www.fysioterapeuten.no/fagfellevurdert-fysioterapiidrettsfysioterapi/kjernemuskeltrening-lover-mer-enn-det-kan-holde-enforsknings-og-erfaringsbasert-gjennomgang/143124 2. Coulombe BJ, Games KE, Neil ER, Eberman LE. Core Stability Exercise Versus General Exercise for Chronic Low Back Pain. J Athl Train. 2017;52(1):71-2. Epub 20161116. PubMed PMID: 27849389; PubMed Central PMCID: PMCPMC5293521. http://dx.doi.org/10.4085/1062-6050-51.11.16. 3. Mannion AF, Caporaso F, Pulkovski N, Sprott H. Spine stabilisation exercises in the treatment of chronic low back pain: a good clinical outcome is not associated with improved abdominal muscle function. Eur Spine J. 2012;21(7):1301-10. Epub 20120124. PubMed PMID: 22270245; PubMed Central PMCID: PMCPMC3389103.
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy