FYSIOTERAPEUTEN 6/22 25 © Author(s) (or their employer(s)) 2022. Re-use permitted under CC BY-NC. No commercial re-use. See rights and permissions (https://creativecommons. org/licenses/by-nc/4.0/). Published by Fysioterapeuten. Kort sagt • Å nytte teknologi og spel i klinisk praksis er spennande og gjev oss moglegheit til å tilby tenester på ein ny måte. Ved å invitere pasientane inn i ein ny og virtuell verd tilbyr vi ei flukt frå sjukehusveggar og ein krevjande situasjon, noko som viser seg å auke motivasjon og engasjement. For ei god pasientoppleving er det viktig å eliminere alle feilkjelder mot teknologi og utstyr, tilpasse øktene og gje støtte tilpassa pasienten sine behov for effektiv og riktig trening. habiliteringa. For å påverke fysisk aktivitetsnivå og fysisk funksjon er det derfor vesentleg å finne motivasjonen for å gjennomføre tilstrekkeleg mengde med trening (6). Virtuell realitet (VR) er datateknologi innebygd i briller som lar brukaren påverke og bli påverka i eit dataskapt miljø som kan opplevast som nær den verkelege verda (7). I VR kan vanskegrad og anna kompleksitet tilpassast den einskilde utan dei fysiske restriksjonane som den verkelege verda gjev. Å nytte VR kan gje pasienten ein ny, motiverande arena for å gjennomføre krevjande treningsøkter, sjølv ved betydeleg funksjonsnedsetting (8). Kombinasjonen av VR og konvensjonell trening kan auke motivasjon og fremme rehabiliteringsprosessen (9). I fleire studiar er effekten av trening i VR undersøkt, men resultata sprikar. Dei syner lite til moderat effekt frå studiar av låg til moderat kvalitet (10). Den hittil siste publiserte meta-analysen konkluderer imidlertid med at VR er eit effektivt tiltak for gange, balanse og dagleg funksjon for personar som har hemiparese etter hjerneslag (11). Vi finn berre to studiar om korleis pasientane skildrar si oppleving av VR-trening. Begge finn at pasientane både kjenner seg trygge og opplev glede som gjev motivasjon for trening (12,13). Særskilt kan tilbakemelding i form av poengskår ha betydning for motivasjonen (12,14). Treninga vert skildra som ein djupt engasjerande leik som både er nyttig og fungerer som ei avveksling frå kvardagen, men individuell tilpassing er viktig (13). Ei utfordring er sviktande utstyr og teknologi (13). Regional plan for habilitering og rehabilitering 20162020 (15) og Pakkeforløp hjerneslag – fase 2 (16) tilrår å nytte meir teknologi i oppfølginga av pasientar. Også i planverk som Nasjonal Helse- og sjukehusplan (17) er det eit mål at ny teknologi vert teken i bruk for å fremje utvikling og nye behandlingsmåtar. Vi har undersøkt korleis pasientar med akutte hjerneslag i Helse Førde erfarer VR som fysioterapitiltak i rehabiliteringsprosessen for motivasjon og meistring. Metode Åtte utvalde hjerneslagpasientar i Helse Førde fekk i perioden september 2020 til august 2021 prøve VR-trening som fysioterapitiltak i rehabiliteringa. VR-trening vart inkludert som eit tillegg til den tradisjonelle fysioterapiVIRTUELL REALITET (VR) Utstyret bestod av VR-briller med to handkontrollar, ekstern harddisk sombrillene var kopla til, ogTV-skjerm. Foto: Runar T. Hovland, Helse Førde.
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy