Fysioterapeuten 6-2022

26 FYSIOTERAPEUTEN 6/22 VITENSKAPEL IG ARTIKKEL oppfølginga. Etter fullført treningsperiode intervjua vi deltakarane om opplevinga og nytten av å trene i VR. Tiltaket var organisert som eit internt forbetringsprosjekt med ei prosjektgruppe og ei styringsgruppe som bestod av fagleg kompetanse og leiarar. Skildring av tiltaket Pasientar med motoriske funksjonsutfall har tett oppfølging av fysioterapeut i akutt og subakutt rehabiliteringsfase på sjukehus og ved behov for vidare rehabilitering etter utskriving. Fysioterapeuten har fokus på å gjenvinne normalmotorisk rørslemønster og sjølvstendig funksjonsevne, relæring av funksjon og finne fram til spontane handlingar der pasienten sjølv finn det normale mønsteret for rørsle. VR-treninga vart gjennomført med bakgrunn i dei same prinsippa. Alle pasientane fekk individuelt tilpassa trening som samsvarte med målsettinga til pasienten. Treningsperioden gjekk føre seg medan pasientane var innlagt på sjukehus. Dei åtte inkluderte pasientane gjennomførte 3-5 VR-økter på 10-60 minutt i løpet av to veker. Omfanget vart grunngjeve med at pasientane ville ha behov for noko tid for tilvenning, lære seg spelet og teknologien, og dermed kunne oppleve meistring. Første økta vart nytta til opplæring og tilvenning til bruk av VR-briller, og dei neste øktene til trening i VR. Treningane starta i sittande utgangsstilling, med progresjon til ståande stilling. Undervegs i øktene fekk pasientane kontinuerleg vegleiing og støtte frå fysioterapeut, både verbalt og fysisk etter behov (inkludert i nokre tilfelle guiding av affisert overekstremitet). I etterkant av kvar økt svara pasientane på eit kort spørjeskjema. Varigheit på øktene vart tilpassa den einskilde pasient og varierte ut i frå kapasitet. I byrjinga gjennomførte vi kortare økter for å sjå om pasientane aksepterte denne type stimuli. Utover dette fekk pasientane i størst mogleg grad sjølv bestemme kor lenge dei ønskte og orka å trene i VR. Seleksjonskriteria Deltakarane måtte vere inneliggande pasientar på Førde sentralsjukehus som følge av nyleg gjennomgått hjerneslag, hovudsakleg med motoriske funksjonsutfall. Pasientane måtte være medisinsk stabile og kunne trene i gymsal. Eksklusjonskriterier for deltaking var tydelege kognitive utfall og redusert språkfunksjon på grunn av høve til å utføre intervju i etterkant. Synsutfall og svimmelheit vart registrert som moglege eksklusjonskriterier, men likevel inkludert for utprøving. Deltakarar Vi inkluderte pasientar i alderen frå 34 til 79 år med varierande bakgrunn og erfaring med spelteknologi. Alle, utanom to, hadde særs lite eller ingen erfaring med dataspel. Ingen hadde erfaring med VR (tabell 1). Utstyr Utstyret bestod av VR-briller med to handkontrollar, ekstern harddisk som brillene var kopla til, og TV-skjerm. Sistnemnde for at fysioterapeuten skulle sjå det same som pasienten ser i brillene og for å kunne gje vegleiing i spelsituasjonen. Stol var utan armlen for frie rørsler i overekstremitetar, men med ryggstøtte for tryggleik. Samt eigna desinfeksjon for reingjering av utstyr. VR-treninga har vore gjennomført i eit avgrensa område av sjukehuset sin gymsal. Spel Det var ein lengre prosess for å finne eigna spel for hjerneslagpasientar. Mange spel ekskluderte vi på grunn av mykje auditivt og visuell støy (grafikk, lyd, lys og fargar). Vi valde å nytte eitt spel i prosjektperioden for enklare å kunne samanlikne dei ulike pasientane sine tilbakemeldingar i spørjeskjema og intervju. Vi valde til slutt rytmespelet Beat Saber, som er kommersielt tilgjengeleg og «hyllevare». Spelet utfordrar rytme, tempo, balanse, armfunksjon og koordinasjon hos pasientane. Evaluering - Intervju og spørjeskjema Intervjua vart gjennomført av prosjektleiarane i etterkant av treningsperioden. Vi nytta ein semistrukturert intervjuguide utarbeida av prosjektleiarane (første- og andreforfattar) i samarbeid med prosjektvegleiar (tredjeforfattar), og pilotert med ein brukarrepresentant. I intervjua opna vi for at deltakarane sjølve kunne kome med tematikkar som i utgangspunktet ikkje var ein del av intervjuguiden. Grunna pandemien var vi fleksible med omsyn til korleis intervjua vart gjennomført. I hovudsak skjedde dette ved fysisk Tabell 1 Oversikt over deltakarar. Deltaker Dagar etter hjerneslag Alder Kjønn Diagnose Affisert overex. Sittebalanse SwePASS-NV1 NIHSS2 1 51 50 - 60 M Hjerneblødning Venstre Redusert 28/36 3 2 4 60 - 70 K Hjerneinfarkt Venstre Sjølvstendig 34/36 0 3 7 30 - 40 M Hjerneblødning Venstre Sjølvstendig 34/36 4 4 14 60 - 70 K Hjerneinfarkt Venstre Sjølvstendig 32/36 0 5 31 70 - 80 K Hjerneblødning Venstre Sjølvstendig 32/36 3 6 3 60 - 70 M Hjerneinfarkt Venstre Sjølvstendig 36/36 1 7 7 60 - 70 M Hjerneinfarkt Venstre Redusert 21/36 3 8 123 40 - 50 M Hjerneinfarkt Høgre Sjølvstendig 32/36 6 1 Norsk versjon av SwePASS – standardisert test for evaluering av balanse hos hjerneslagpasientar. 2 NIHSS – National Institutes of Health Stroke Scale, skåringsverktøy for å kartlegge nevrologiske utfall vedmistanke omhjerneslag og for å overvåke symptomutvikling, utførast av helsepersonell.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy