Fysioterapeuten 6-2022

FYSIOTERAPEUTEN 6/22 27 møte, bortsett frå to intervju som vi gjorde via video over Norsk helsenett, og eitt intervju som vart gjort via telefon. Rolla som intervjuar vart delt mellom forfattarane, og når ein hadde rolla som intervjuar simultantranskriberte den andre. Alle intervjua vart i tillegg tatt opp på lydband for kontroll av transkripsjon. Intervjua vart koda og analysert etter ein stegvis deduktiv og induktiv analysestrategi og ved hjelp av programvaren NVivo. Strategien inneberer at ein systematisk koder meiningsberande utsegn i gradvis større og breiare kategoriar. Slik vert tematikkane tydeleg forankra i deltakarane sin forståing og ikkje i førehandsgitte kategoriar (18). Funna vart til slutt gjenstand for kritisk refleksjon i eit eige analysemøte i gruppa. Etter kvar økt svara pasientane på eit eigenutvikla og kort spørjeskjema med fem avkryssingsspørsmål med gradering frå 1-5 (figur 1). Deltakarane fylde ut skjemaet idet VR-økta var unnagjort. Hensikta var å gje ein peikepinn på om opplevinga endra seg frå økt til økt. Brukarmedverknad I forkant av oppstart av pasientbehandling, gjekk vi gjennom samtykkeerklæring, tilvenningsøkt, VR-trening med Beat Saber, spørjeskjema og intervju etter intervjuguide saman med brukarrepresentant. Dette vart utført tilnærma slik vi såg det for oss i praksis med pasientane, og gav oss verdifulle erfaringar og tilbakemeldingar. I etterkant av denne gjennomkøyringa gjorde vi aktuelle endringar før igangsetting av tiltaket. Etikk og personvern Pasientane fekk både munnleg og skriftleg informasjon om prosjektet, samt tid til å vurdere ønskje om deltaking. Prosjektet er ikkje omfatta av Helseforskingslova, men innmeldt og vurdert av Personvernombodet. Opplysningar er lagra og handsama på ein tilgangsstyrt og sikker server i Helse Førde. Pasientane har gjeve samtykke til at funna frå intervjua kan nyttast i samanheng med å publisere kunnskap frå prosjektet. Funn Pasientane skåra jamt over høgt på spørjeskjemaet om erfaringa med VR-trening (figur 1). Den vart opplevd som nyttig, underhaldande, gjennomførbar utan vesentlege ubehag og alle hadde eit ønske om fleire økter. Ubehag relaterte seg til desorientering eller å vere slitne etter treninga. Smerter, kvalme eller svimmelheit førekom ikkje. Spørjeskjemane hadde og ein funksjon som tilbakemelding til behandlar som grunnlag for eventuelle justeringar til neste økt. I byrjinga opplevde pasientane mest at det var kjekt, spennande og noko nytt. Seinare uttrykte dei klårare nytten for utfalla sine. Spørjeskjema viste også at pasientane skåra noko lågare på nytten av treninga dei første tre øktene kontra dei siste. Dette samsvarte med observasjonar av treningane kor forståing av VR og spelet, meir engasjement og auka aktivitet (varm, svett) kom tydlegare fram. Alle pasientane begynte i sittande stilling, men seks av åtte spelte i ståande stilling på siste treningsøkt i VR, noko som og syner ein progresjon. Pasientane opplevde det meir meiningsfylt og friare å spele oppreist framfor å sitte, og dei kjente også på meir nytteverdi – særleg for balansetrening. Dei opplevde treninga som morosam og underhaldande heile vegen. Figur 1 viser ei grafisk framstilling av spørsmåla frå spørjeskjemaet som går ut på i kva grad pasientane syntest at treninga var morosam, kor nyttig dei opplevde den og korleis dei klarte å gjennomføre økta, i tillegg til ubehag (høg skår indikerer ingen ubehag) og ønskje om å spele fleire økter. Tabellen viser gjennomsnitt frå svara til dei åtte pasientane. Informasjon og opplæring: Vanskeleg å beskrive - må erfarast Alle pasientane fekk den same informasjonen av enten ein eller begge prosjektleiarane. Nokre meinte informasjonen var tilstrekkeleg og god, andre opplevde det som vanskeleg på førehand å forstå kva dei skulle gjennom. Samstundes, meinte dei fleste at det er vanskeleg å gje fullgod informasjon då VR skilde seg mykje frå konvensjonell trening. «Nei, eg skjøna vel ikkje kva det var før eg skulle gjere det. Nei, det trur eg ikkje. Eg trur ikkje eg hadde skjøna så mykje før eg hadde sett det likevel.» Deltakarane vart spurd om korleis dei ville ha formidla kva VR er for noko. Alle var einige i at det er vanskeleg å forklare. Dei fleste meinte at det måtte erfarast for å forstå det skikkeleg. Ein deltakar definerte det som å ta på seg briller som gjer at du kjem inn i ei anna verd. Ein annan fekk god hjelp frå barnebarnet sitt: «Då måtte eg berre ringe barnebarnet mitt: Du, eg skal ha VR-trening med briller, kva er det for noko? sa eg. Og han vart i fyr og flamme, og begynte å forklare kva det var… Dette bestemor, dette må du prøve.» Figur 1: Pasientrapportert oppleving av VR Figur 1 Pasientopplevd oppleving av VR.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy