28 FYSIOTERAPEUTEN 6/22 VITENSKAPEL IG ARTIKKEL Deltakarane var samstemde i at opplæringa var relevant. At fysioterapeutane stod ved sida av, instruerte og forklara undervegs ga deltakarane ei viktig kjensle av tryggleik. Deltakarane fekk informasjon og høve til å stille spørsmål om kva dei skulle vere med på. Likevel er erfaringa at VRtrening kan vere vanskeleg å formidle på ein måte som gjer at deltakarane veit kva dei har i vente. Opplevinga: Eit rom utanfor tid og sjukdom VR-treninga engasjerte deltakarane på ein altoppslukande måte. All merksemd dreidde seg om å meistre oppgåva i spelet, og å betre poengsummen. Alle, bortsett frå ein, skildrar opplevinga som ein flukt frå verkelegheita. Der var ikkje rom att for å tenke på anna. Tilhøvet til kroppen vart påverka på ein subtil måte. Tankar og kjensler som dei bar med seg forsvann i bakgrunnen. Det same gjorde fokuset på vanskane med armane og føtene. Opplevinga av å vere sjuk vart mindre: «Ein gløymer ting når ein er inni det spelet, inni det rommet [---] Eg følte meg ikkje som ein slagpasient etter kvart. Det var godt.» Ein annan fortalde om ei liknande oppleving: «Ein føler seg litt meir normal, at ein ikkje berre er ein pasient.» To sitat syner korleis deltakarane forklarar sin eigen oppleving av korleis VR-spelet tek merksemda bort i frå lidinga. «Kva det heite? … underbevisstheita, du lurer deg sjølv. Du tek vekk merksemda på armar og bein og lar underbevisstheita jobbe litt. Så det er bra.» «… du får ei verkelegheitsflukt, ikkje sant, sånn som på kino der du er heilt vekke ein time, og det er det her og. Du er vekke frå alt. Du er inne i ei ny verd og får nye impulsar, og du blir jo eigentleg lurt til å gjere ting som ligg djupt i deg.» Alle deltakarane mista kjensla av tid. Dei vart overraska over kor fort tida hadde gått, og fleire trudde dei kunne ha halde ut lengre i spelet. «Det var litt rart sånn. Altså eg konsentrerte meg såpass om kor desse her pilene og fargene kom i frå, at tid og stad det klarte eg ikkje å registrere i mitt hovud då. Kor lenge eg heldt på det ana ikkje eg, for eksempel.» Nytteverdi: Motivert av konkurranse og opplevd framgang – «Eg fekk meir» Dei fleste forventa underhaldning og noko trening av kroppen, men dei færraste såg føre seg at VR-treninga ville gje eit merkbart utslag på vanskane. I løpet av VR-treningsperioden opplevde alle deltakarane framgang, noko dei rapporterte om på scoringsskjemaet. Framgangen var også synleg for fysioterapeutane. Til dømes gjennomførte alle den første økta sittande og hadde vanskar med å meistre oppgåva i spelet. Etter siste økt var det to personar som framleis sat medan dei spelte. Dei andre stod oppreist og kjende at dei kunne stole på balansen. «Eg fekk meir. Eg hadde eigentleg kun forventa at eg skulle trene hand og fot, men eg har jo trena haud og kropp, alt!» Finmotorikken i handa vart og synleg betre. Fleire var overraska over framgangen gjeve sitt eige utgangspunkt. «Eg opplever jo at armen har blitt betre. Eigentleg veldig fort, synes eg. Eg synes at utviklinga har akselerert litt. Det meina eg! Også finmotorikken.» «Sjølv om eg i spelet kunne sjå kor handa var sånn omtrent, så visste eg jo eigentleg ikkje om eg heldt ho sånn eller om eg heldt ho sånn... fordi at eg hadde jo ikkje følelse i sida. Så på det viset så er det jo og ein liten utfordring og positiv trening for å kunne bevege handa i den retninga man vil utan å måtte sjå på den, sjølv omman ikkje heilt kjenne kvar handa er hen.[---] I byrjinga bomma eg jo valdsamt med den venstre, men mot slutten trefte eg jo betre med den enn eg gjorde meg høgre handa som ikkje hadde problem. Så det viser jo ein framgang. Det føles jo som ein seier, det å vere på vegen til å bli frisk igjen.» Mange kjende på eit konkurranseinstinkt som vart vekka i VR. Fokuset på å gjere oppgåva betre og å konkurrere mot sin eigen poengsum var motiverande. Det som likevel betydde mest var å observere ein reell endring i førlegheit. For nokre ga det og ei kjensle av lukke når betringa vart synleg frå gong til gong. Opplevinga ga tru på at betring er mogleg. «Eg fekk målt framgang ganske kjapt med poengsummane. Så eg såg jo veldig raskt framgang. Eg sat jo å spelte. Då sat eg på ein stol, sant, og veiva med armane. Kjende at eg fekk meir kraft i venstre-arma etter kvart. At det var målbart veldig fort, det tenkjer eg var ein veldig god motivasjon.» «Det er jo klart at både balanse og bevegelse og meistring, det gir no litt meir trua på at du får til noko... Eg trudde kanskje ikkje at eg skulle klare å bruke den armen her i det heile, så det har vist seg at eg klare litt i alle fall. Det kjennes veldig oppløftande å kunne spele. Ja, det gjer det.» Deltakarane skildrar treninga som ein annleis stimuli av hovudet og kroppen samanlikna med konvensjonell trening. Tempoet er høgare, ingen armrørsler er like og om ein ikkje er konsentrert kjem feilslaga hyppigare. Samspelet mellom sansane og reaksjonsevna vart skildra slik: «Når du står så må du ha balanse, det er no positivt, litt på balansen… Og så er det auga, at du heile tida må passe på desse her [boksane], kvar dei kjem hen. Og så må du bruke hendene og slå. Sånn sett må du bruke auga, og du må bruke hendene og du må bruke balansen.» Deltakarane opplevde i særs liten grad at treninga leia til ubehag. Nokre kunne kjenne at dei hadde løyst sveitte, andre kunne kjenne på kortvarig desorientering, slitne auge og hovud. Plagene var milde og forbigåande, og ikkje til hinder for treninga. I VR forsvann dei kvite sjukehusveggane og dei repeterande øvingane. Alle meinte likevel at det var viktig å fortsette med ordinær trening. VR I REHABILITERING Skjermbilde frå video produsert av Rakkar for Helse Førde.
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy