Fysioterapeuten 6-2022

30 FYSIOTERAPEUTEN 6/22 VITENSKAPEL IG ARTIKKEL ikkje fått testa korleis VR-trening opplevast for dei. Ifølge Levin et al. (8) kan virtuell verkelegheitsbasert motorisk trening ha ein meir avgrensa fordel for personar med alvorlege kognitive utfall og/eller synsfeltutfall, inkludert neglekt og apraksi, med mindre det virtuelle miljøet er tilpassa deira spesifikke utfall. Funna er basert på eit lågt tal pasientar og har ein avgrensa gyldigheit, og vi veit lite om langsiktige moglegheiter og utfordringar. Likevel vonar vi at desse funna kan nyttast som hypotesar og gje inspirasjon for liknande prosjekt som utforskar ulike sider ved VR-trening i rehabilitering. Implikasjonar for praksis Å nytte teknologi og spel i klinisk praksis er spennande og gjev oss moglegheit til å tilby tenester på ein ny måte. Ved å invitere pasientane inn i ein ny og virtuell verd tilbyr vi ei flukt frå sjukehusveggar og ein krevjande situasjon, noko som viser seg å auke motivasjon og engasjement. For ei god pasientoppleving er det viktig å eliminere alle feilkjelder mot teknologi og utstyr, tilpasse øktene og gje støtte tilpassa pasienten sine behov for effektiv og riktig trening. Konklusjon Bruk av VR-teknologi auka motivasjonen hos pasientane i dette prosjektet. Dei vart engasjert og utfordra seg sjølv. Funna frå denne studien støttar bruk av VR-briller for å auke motivasjon til trening i rehabilitering. Tiltaket skapar meir variasjon, kontrast og større utval i treningstilbodet. Pasientane går inn i si eiga «boble» der tid og stad blir noko «utanfor det normale», ei flukt frå sjukehusveggane og auka følelse av å kjenne seg frisk. VR-trening er framtidsretta og opplevast trygt for pasientane. Vi treng fleire studiar på langsiktig effekt av motivasjon og trening i VR, og verknadane av VR på betring av fysisk funksjon. Takk Forfattarane ønskjer å rette ein stor takk til pasientane som deltok i prosjektet, Helse Førde sitt støtteapparat, Avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenester for tilrettelegging, til bibliotekar Sigurd Glosvik for litteratursøk, og Helse Vest IKT for utstyr og opplæring. Prosjektet er støtta av såkornmidlar frå Helse Vest. Referansar 1. Fjærtoft H, Skogseth-Stephani R, Indredavik B, Bjerkvik TF, Varmdal T. Årsrapport for 2020. Med plan for forbedringstiltak. St. Olavs hospital HF: Norsk hjerneslagregister; 2021. 2. Ellekjær H, Selmer R. Hjerneslag – likemange rammes, men prognosen er bedre. Tidsskr Den Nor Legeforening [Internett]. 15. mars 2007 [sitert 7. februar 2022]; Tilgjengeleg på: https://tidsskriftet.no/2007/03/tema-hjerneslag/hjerneslagmange-rammes-men-prognosen-er-bedre 3. Hjerneslag. Nasjonal faglig retningslinje [Internett]. Helsedirektoratet; 2017 [sitert 7. februar 2022]. Tilgjengelig på: https://www.helsedirektoratet.no/ retningslinjer/hjerneslag/rehabilitering-etter-hjerneslag 4. Brodal P. Sentralnervesystemet. 5. utg. Oslo: Universitetsforlaget; 2013. 646 s. 5. Peng Q-C, Yin L, CaoY. Effectiveness of Virtual Reality in the Rehabilitation of Motor Function of PatientsWith Subacute Stroke: AMeta-Analysis. Front Neurol. 2021;12. DOI:10.3389/fneur.2021.639535 6. Helbostad J, Granbo R, Østerås H. Aldring og bevegelse: fysioterapi for eldre (2. utg. ed.). Oslo: Gyldendal akademisk; 2016. 425 s. 7. Szczepańska-Gieracha J, Cieślik Bł, Rutkowski S, Kiper P, Turolla A.What can virtual reality offer to stroke patients? A narrative review of the literature. NeuroRehabilitation. 2020;47(2):109–20. DOI: 10.3233/NRE-203209 8. LevinMF,Weiss PL, Keshner EA. Emergence of Virtual Reality as aTool for Upper Limb Rehabilitation: Incorporation of Motor Control andMotor Learning Principles. Phys Ther. mars 2015;95(3):415–25. https://doi.org/10.2522/ptj.20130579 9. Sramka M, Lacko J, Ruzicky E, Masan J. Combinedmethods of rehabilitation of patients after stroke: Virtual reality and traditional approach. Neuroendocrinol Lett. 2020;41(3):123–33. PMID: 33201645 10. Laver KE, Lange B, George S, Deutsch JE, Saposnik G, Crotty M. Virtual reality for stroke rehabilitation. Cochrane Database of Systematic Reviews. 2017;(11). https:// doi.org/10.1002/14651858.CD008349.pub4 11. Zhang B, Li D, LiuY,Wang J, Xiao Q. Virtual reality for limbmotor function, balance, gait, cognition and daily function of stroke patients: A systematic review andmeta-analysis. J Adv Nurs. 2021;77(8):3255–73. DOI:10.1111/jan.14800 12. MoanME, Vonstad EK, Su X, Vereijken B, Solbjør M, Skjæret-Maroni N. Experiences of Stroke Survivors and CliniciansWith a Fully ImmersiveVirtual Reality Treadmill Exergame for Stroke Rehabilitation: AQualitative Pilot Study. Front Aging Neurosci. 2021;13:662. DOI:10.3389/fnagi.2021.735251 13. Pallesen H, AndersenMB, Hansen GM, Lundquist CB, Brunner I. Patients’and Health Professionals’Experiences of UsingVirtual Reality Technology for Upper LimbTraining after Stroke: AQualitative Substudy. Rehabil Res Pract. 8. februar 2018;2018:e4318678. DOI:10.1155/2018/4318678 14.Warland AI. The feasibility and acceptability of virtual reality gaming technologies for upper-limb stroke rehabilitation: Amixed-methods study [Thesis]. Brunel University London; 2018 [sitert 10. september 2021]. Tilgjengelig på: http://bura. brunel.ac.uk/handle/2438/19031 15. HelseVest. Regional plan for habilitering og rehabilitering 2016 - 2020. 2015. Tilgjengeleg på: 2016 - Regional plan for habilitering og rehabilitering 2016 - 2020.pdf (helse-vest.no) 16. Helsedirektoratet. Hjerneslag. Pakkeforløp. 2019. Tilgjengeleg på: Hjerneslag - Helsedirektoratet 17. Helse- og omsorgsdepartementet. Nasjonal helse- og sykehusplan. 2019. Tilgjengeleg på: Nasjonal helse- og sykehusplan 2020-2023 - regjeringen.no 18. Tjora AH. Kvalitative forskningsmetoder i praksis. 3. utg. Oslo: Gyldendal akademisk; 2017. 285 s. 19. Brunner I, Skouen JS, Hofstad H, Aßmus J, Becker F, Sanders A-M, mfl. Virtual Reality Training for Upper Extremity in Subacute Stroke (VIRTUES): A multicenter RCT. Neurology. 12. desember 2017;89(24):2413–21. DOI:10.1212/ WNL.0000000000004744 Title: Patients’ experience of training using virtual reality (VR) for balance and upper limb training after stroke. An interview study Abstract Introduction: The purpose of this study was to improve our knowledge of how patients recovering after a stroke experienced training in a virtual room using VR, and whether this contributes to increasing their motivation for exercise. Methods: The project aimed to improve the quality of treatments given at Førde Central Hospital. VR was combined with conventional physiotherapy training. Eight patients were interviewed at the end of their VR training period based on a semi-structured interview guide. A stepwisedeductive inductive method was used to analyze the data material. Findings: All patients experienced VR training to be exhilarating, motivating and helpful. Four themes summarise the participants’ experience: 1) Information and training: Difficult to describe, must be experienced, 2) The experience: removed from time and illness, 3) Benefits: motivated by competition and perceived progress – “I got more”, 4) Improvements: Technical challenges, simpler user interface and variety. Conclusion: Motivation is affected by the immersing experience and feeling of losing a sense of time and place. Patients are able to observe their own progress during VR training that also increases their motivation. Key-words: Physical Therapy Modalities, virtual reality, stroke, interview, motor function.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy