Fysioterapeuten 9-2017

56 FYSIOTERAPEUTEN 9/17 FAG Siril Osland , Toril Fjørtoft , og Lars Adde , fysioterapeutar ved Klinikk for kliniske ser- vicefunksjoner, St. Olavs hospital. Ragnhild Støen , avdelingssjef ved avdeling Nyfødt intensiv, St. Olavs hospital. General Movements hos spedbarn Studiar av spontanbevegelsar hos spedbarn har leia til ei systematisk klassifisering av desse bevegelsane og definisjon av standard bevegelsar for dei ulike aldersgruppene. Nokre av desse bevegelsane vert kalla «ge- neral movements» (GMs) og ein metode for å evaluere desse bevegelsane er utvikla, såkalla General Movement Assessment (GMA). Ved 2–5 månaders alder blir desse spontanbevegelsane (GMs) kalla fidgetybe- vegelsar. Dette er små, variable bevegelsar med moderat tempo som er i heile krop- pen, både i nakken, bolen og ekstremitetar. Fleire studiar har vist at fråvær av fidgety- bevegelsar er ein god prediktor for å avdek- ke utvikling av cerebral parese (CP)(1–3). Vel så viktig er at når fidgetybevegelsar er til stades er det ein god prediktor for at barnet seinare ikkje får CP (www.general- movement-trust.info ). I fleire år har ein ved Klinikk for kli- niske servicefunksjoner ved St. Olavs hospital videofilma premature- og andre høgrisikobarn og analysert desse etter GMA-metoden. I dei siste åra har det blitt publisert fleire studiar frå St. Olavs hospital og NTNU der det er vist ein tydeleg saman- heng mellom spedbarn sine bevegelsar og seinare funksjon, både motorisk og kogni- tivt. Foreldra kjem til sjukehuset og film- opptaka er gjort på standardisert vis med ei samanleggbar madrass og video-oppsett som blir oppbevart i ein koffert som er lett å ta med seg til ulike undersøkelsesrom. Internasjonale retningslinjer I dei siste 20 åra har det føregått om- fattande internasjonalt forskingsarbeid om GMA-metoden. Ei internasjonal ekspert- gruppe har nyleg arbeida med utvikling av retningsliner for tidleg deteksjon av CP, og GMA vil her ha en framståande plass. Dette arbeidet er nyleg publisert i septem- ber 2017 (4). Kvifor skal foreldre videofilme sjølve? Fordelen ved å filme barna heime i sitt lo- kale miljø er å fange barnet sine bevegelsar når det er mest mogeleg nøgd og opplagt. Samstundes kan ein spare barnet og fami- lien for lange reiser til sjukehus. Ein kan på denne måten også gjere slike undersø- kingar tilgjengelege for barn og familiar som ikkje har tilgang til ekspertar innan fagfeltet i si lokale helseteneste. Målet er å få filme på rett tidspunkt og å gje ei best mogeleg behandling og oppfølging av bar- net så tidleg som mogeleg medan hjernen er mest påverkbar. Mål og metode Målsetting med dette pilotprosjektet er ut- vikling av instruksjonsvideoen i In-Moti- on-appen som skal vere lett forståeleg for foreldre. Metoden var ein brukskvalitet- studie («usability-studie») der vi gjennom samtalar med foreldrene fekk tilbakemel- dingar på instruksjonsvideoen for så å op- timalisere denne. Deltakarar Ein har spurt ulike kollegaer på St. Olavs hospital (fysioterapeutar, turnusfysiotera- peut, sjukepleiar og lege på Barneklinik- ken) om å sjå instruksjonsvideoen nokre SAMMENDRAG Spedbarns spontanbevegelsar: Utvikling av «In-Motion»-appen In-Motion Observasjon av spedbarnet sine spontane bevegelsar frå ein videofilm kan brukast til å vurdere risiko for seinare cerebral parese. Fysioterapeutar frå Klinikk for kliniske servicefunksjoner (KKS) ved St. Olavs hospital har fått midlar for å bidra til utvikling av ein app for filming av spedbarns spontanbevegelsar. Dette er eit pilotprosjekt der fysioterapeutane bidreg i evalueringa av ein instruksjonsvideo som inngår som ein del av In-Motion-appen. Fysioterapeutane ved KKS samarbeider med Nyfødt intensivavde- linga ved St. Olavs hospital og NTNU. Utviklingsarbeidet er ein del av eit større arbeid som blir gjort på Institutt for laboratoriemedisin, barne- og kvinnesykdommer (LBK) i regi av forskingsgruppene der. Heimebaserte videoopptak ved bruk av foreldra sine smarttelefonar In-Motion-appen skal gjere det mogeleg for foreldre til premature barn eller til barn med andre medisinske komplikasjonar i nyføddperioden til å ta ein film av barnet heime hos seg sjølve, når det passar best for dei og barnet. Dette for at barnet skal vere opplagt og tilfreds under filmopptaket, og at heile prosessen skal bli så lite belastande for familien som mogeleg. Samstundes kan ein auke foreldreengasjementet i barnet si utvikling. Ytterlegare vil bruk av In-Motion-appen kunne frigjere tid og ressursar i helsevesenet. Filmen skal sendast til spesialisthelsetenesta ved St. Olavs hospital der trena og serti- fiserte observatørar som kan ein metode som vert kalla General Movement Assessment (GMA), skal vurdere filmen. Foreldra vil etterpå få tilbakemelding om resultatet av undersøkinga og anbefaling om tiltak frå sjukehuset. In-Motion-appen og undersøking av spontanbevegelsar hos spedbarnet er tenkt som eit viktig supplement til dei ordinære kontrollane hos barnelege og/eller fysioterapeut, men skal ikkje erstatte desse.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy