Fysioterapeuten 9-2020

38 FYSIOTERAPEUTEN 9/20 FAG ESSAY Innleiing Antal menneske som er på flukt har aldri vore så høgt som det er i dag, og europeiske land er forplikta gjennom FN å tilby be- skyttelse til menneske på flukt. Flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte har dei same rettigheitene til helsehjelp som resten av befolkninga i Noreg, og retten til helse- hjelp gjeld frå den dagen dei kjem til landet. Mandatet til fysioterapitenesta er inkludert i den helsehjelpa flyktningar har rett på, og for å gje riktig helsehjelp er det viktig at fy- sioterapeutar føler seg kompetente til å bi- dra inn mot denne gruppa menneske på best mogeleg måte. Å oppleve krig og forfølging, men også det å leve eit liv i eksil, kan ha negative konsekvensar for helsa, og det er behov for eit auka fokus på traume og korleis vi som fysioterapeutar tar omsyn til traume i vårt arbeid. I dette fagessayet skal vi sjå på kva traumebevisst omsorg kan bety, kva traume er og kvifor det i fysioterapibehandling av traumeutsette personar med flyktningbak- grunn kan vere viktig å sjå forbi det spesi- fikke i behandlinga, og heller arbeide med å skape ein god relasjon med vekt på tryggleik og kjensleregulering. Kva er eit traume? Traume vert definert på ulike måtar i littera- turen og Saakvitne med fleire [1] definerer traume som «en hendelse eller vedvarende betingelser som overvelder personens kapasi- tet til å integrere den emosjonelle opplevelsen, og som oppleves som en trussel mot eget, eller nære andres, liv eller kroppslige integritet» . Ein skil gjerne mellom enkle og kom- plekse traume. Enkle traume kan vere en- keltståande hendingar eller hendingar som kan rammast inn i tid, der livet før og etter denne hendinga har vore trygt og godt [2]. Eit enkelt traume kan til dømes vere ei bilu- lukke, voldssituasjonar og krig. Traumere- aksjonar som kan kome etter slike episodar vert definert som posttraumatisk stressli- ding, PTSD, som er ei forseinka eller ein langvarig reaksjon på ei hending eller ein si- tuasjon som er belastande og av ein truande eller katastrofal art [3]. Komplekse traume er meir omfattande og samansette, og kan ikkje pakkast inn i ei tidsramme [2]. Dette kan skape ein situa- sjon med vedvarande stress og høgaktive- ring i hjernen, hjartet og nervesystemet [4]. Komplekse traume kan ein sjå hjå dei som til dømes har opplevd seksuelt-, fysisk- og emosjonelt misbruk i heimen, eller hjå dei som har levd i ein krigssituasjon over lengre tid [5]. Kroppens forsvarsmekanismar for å takle traume For å kunne takle traume, er ein rusta med forsvarsmekanismar. Desse mekanismane består av sympatisk og parasympatisk akti- vering som vert sett i gong når ein vert utsett for ytre farar og stress [4]. Stress handlar om samspelet mellom dei ytre påverknadane ein vurderer som utfordrande og dei fysio- logiske og emosjonelle reaksjonane ein har for å takle desse [6]. Lazarus og Folkman de- finerer stress som opplevinga av uovereins- stemming mellom krava i ein situasjon og dei ressursane ein har tilgjengeleg. Korleis ein oppfattar situasjonen er forskjellig og av- henger i stor grad av individet sine kognitive fortolkingar [7]. Innverknaden situasjonen har på kroppen kan difor resultere i både positive og negative helseutfall, avhengig av korleis ein handterer situasjonen [6]. Stress kan på den måten bli betrakta som noko positivt når individet meistrar å halde seg innanfor det som vert kalla for sitt eige «to- leransevindauge», og negativt når individet ikkje meistrar å kome seg tilbake etter å ha hamna utanfor vindauget [8]. Toleransevindauget Toleransevindauget er eit verktøy som kan nyttast som ein forståingsmodell i møte med traumeutsette, og refererer til den op- timale aktiveringssona til eit individ. Når ein situasjon vert for krevjande, som når ein er på flukt, eller lever i eksil, og situasjonen overgår eins evne til å meistre og tilpasse seg krava som vert stilt, hamner ein utanfor sitt toleransevindauge. Det har då oppstått ein ubalanse mellom kroppen sitt alarmsystem og reguleringssystem. Ein reagerer med å skru aktiveringsnivået anten opp på hyper- aktivering, gjennom det sympatiske nerve- systemet, eller ned på hypoaktivering, gjen- nom det parasympatiske nervesystemet [8]. Ved hyperaktivering jobbar kroppen med auka hjarterate, respirasjon og muskeltonus, medan i hypoaktivering jobbar kroppen med redusert hjarterate, respirasjon og mus- keltonus [4]. Traumebasert omsorg, TBO TBO er ikkje ein behandlingsmetode, men ei forståingsramme [9]. Å vere traumebe- Traumebevisst omsorg i fysioterapeutisk behandling av personar med flyktning- bakgrunn Martine Indra Torsdagsøy Kvale , fysioterapeut i turnus. Maria Kolås , fysioterapeut i turnus. Maria Nordheim Alme  (korresponderende forfatter), førsteamanuensis ved Høskulen på Vestlandet, prosjektleiar for prosjektet Physiotherapy and Refugees Education Project, PREP. mana@hvl.no. Dette fagessayet ble akseptert 26. juni 2020. Fagessay vurderes av fagredaktør. Ingen interessekonflikter oppgitt. Merknad: Delt 1. forfatterskap mellom Torsdagsøy Kvale og Kolås. Fagessayet ble først publisert på www. fysioterapeuten.no.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy