Fysioterapeuten 9-2020

FYSIOTERAPEUTEN 9/20 39 visst viser til at ein tar omsyn til at personen ein skal hjelpe kan ha vore utsett for kren- kande erfaringar som kan ha skapt trauma- tiske skadeverknadar [10]. Bath [2] seier at TBO er basert på tre pilarar: tryggleik, re- lasjon og kjensleregulering. Taylor [11] legg vekt på re-integrering av traume og å skape trygge miljø i tillegg til desse tre pilarane. Vi vil her sjå litt meir på dei tre grunnpilarane som er sentrale for TBO. Tryggleik Tryggleik er den fyrste pilaren i TBO. Når ein snakkar om tryggleik her, er det den opplevde tryggleiken som er det viktige fokusområdet [9]. Eit traume kan føre til at personen kjenner seg utrygg, og i arbeid med traumeutsette menneske vil det der- for vere viktig å skape eit trygt miljø [11]. I tillegg til det opplagte behovet for fysisk og emosjonell tryggleik, er forutsigbarheit, tilgjengelegheit, ærlegdom og openheit sentralt for å skape trygge miljø for traume- utsette personar. Det er også viktig å la dei traumeutsette få vere med på å avgjere, dette for å la dei ha tilstrekkeleg makt og kontroll over eigne omgjevnadar og eigen situasjon [2]. Relasjon Oppleving av tryggleik heng nøye saman med relasjon, som er den andre pilaren i TBO. Det er viktig å skape gode og trygge relasjonar mellom traumeutsette menneske og deira omsorgspersonar. Positive relasjo- nar er nødvendige for sunn menneskeleg utvikling, og traume kan hemme slike rela- sjonar [2]. Kvaliteten i den terapeutiske rela- sjonen i seg sjølv viser seg å bety dobbelt så mykje for positive endringar enn dei spesi- fikke teknikkane som vert brukt i psykotera- pi [12]. For personar som skal blir friske frå psykologiske traume, er ein av dei viktigaste føresetnadane at terapeuten og omsorgsper- sonar kan bidra med ein trygg relasjon [13]. Affektregulering Den tredje pilaren i TBO er kjensleregule- ring. Dei mest vedvarande konsekvensane av komplekse traume er at personen ikkje vert i stand til å regulere kjensler og impul- sar. Det kan føre til at ein ikkje meistrar å takle situasjonar med dei forsvarsmekanis- mane ein har, og ein hamnar derfor utanfor eige toleransevindauge. For å gjenopprette kontrollen, har ein behov for hjelp til å regu- lere uhandterlege kjensler, slik at ein etter- Fysioterapeutisk behandling av menneske som er utsette for traume inneber å kunne sjå forbi det spesifikke i behandlinga.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy